Vi les frå Jesaja 7,14, ein av tekstane til Maria bodskapsdag : "Difor skal Herren sjølv gje dykk eit teikn: Sjå, den unge jenta skal bli med barn og føda ein son, og ho skal gje han namnet Immanuel." Gjennom små og store kriser er dette teiknet gitt på nytt og på nytt : Livet gror, Gud er med oss.
3 Å kom, å kom, Immanuel
Tekst: Latinsk 1100-tallet / Oversatt: Arve Bruvoll
Melodi: Fransk missale 1500-tallet / Thomas Helmore 1856
1 Å kom, å kom, Immanuel,
og løys ditt bundne Israel
som sårt i utlægd ventar på
den dag då dei Guds Son fær sjå!
Omkvede:
Ver glad, ver glad! Immanuel
er fødd for deg, du Israel!
2 Du Isais rennnig, kom, set fri
ditt folk frå Satans tyranni,
frå helheims djup og mørkers grav,
gjev frelse med din kongestav!
3 Du morgonrode, kom med ljos,
å skin, du klare sol, for oss!
Jag skoddeeim og tunge sky,
så nattemørkret snart må fly!
4 Å kom, du Davids nykel, kom,
og opna himlens heilagdom;
gjer trygg den stig som ber til deg,
og steng for oss fortapings veg!
Vi kan ikkje møtast, men vi kan fortsatt be! Kvar morgon klokka 08.30 held soknepresten ei enkel morgonbøn i Volbu kyrkje.
De som sit heime kan delta i morgonbøna gjennom sjølv å tenne eit lys, be ei bøn. De kan og sende kyrkja ei bøn via SMS til sokneprest Eli Vatn på 99129976, eller på messenger til henne.